TVEITAFJELLET OPP - 6 mai 2012 |
|||
|
MOTBAKKELØP |
||
|
LØYPETRASEEN
Løypa går frå Hosanger Montesorri skule, til toppen av Tveitafjellet. Distanse 3,8 km, høgdeforskjell på 516 meter. Første del av løypa mot toppen går på fin skogsssti, så litt bratt skogssterreng før ein kjem opp på ein fjellsti som ein fylgjer siste del til toppen. God sti heile vegen, og normalt ei tørr og fin løype. |
||
![]() |
BILETREPORTASJE FRÅ LØPET I 2008 var vi så heldige å få besøk av Ole Arne Schytter, som lagde ein flott fotoreportasje frå løpet og løypa. Me anbefaler på det varmaste å ta ein tur inn på nettsida http://www.schlytter.com å sjå dei flotte reportasjane han har laga. Bileta hans frå Tveitafjellet Opp finn du på fyljande link; http://www.schlytter.com/galleri/album29/slides/tveitafjellet_opp%20_080608_000.html |
||
![]() |
LØYPEREKORDER OG RESULTATLISTER Jon Tvedt 22,04 (2008)
|
||
|
TRADISJONSRIKE TVEITAFJELLET OVER Det er fortsatt høve for turgåarar som ynskjer det, å fylja den gamle Tveitafjellet Over traseen ned igjen, og på denne måten få ein litt lengre, men fin rundtur. Om du er i stuss om ruta, spør vaktene på toppen, løypa er merkt. Denne traseen er totalt 8,8 km. Stien ned går i kupert skogsterreng, sti og myr. Dei to siste kilometer mot mål er slakk asfaltert utforbakke. |
||
|
PREMIERING
|
||
![]() |
NATURTUSTI FOR BORN
Nytt av året vert at det vert natursti for born på vegen.
Dei borna som vil delta får utdelt konkurransefolder ved
start.
|
||
|
PÅMELDING Påmelding helst innan 04.05.11 til oystein@mjoesmetall.no. Etterpåmelding og betaling ved start. Start turklasse: 11:00-12:00 Start konkurranseklasse: kl 13:00. Deltakaravgift; Turklasse: Born 25,- / Vaksne kr. 50,- / Familier kr. 100,- Konkurranseklasse: Kr. 200,- Kontaktperson: Øystein Øvsthus 95 22 04 56, oystein@mjoesmetall.no |
||
|
FLOTT UTSIKT!
Frå toppen av Tveitafjellet har ein vidt utsyn; vest i havet, Lindås, Ostereide, Matrefjella, aust mot Vaksdals- og Vossefjella, Gullfjellet, Rundemann osv. Og ein kan sjølvsagt sjå store delar av vakre Osterøy. |
||
![]() |
LØPET STARTAR PÅ HOSANGER Hosanger ligg på nordsida av Osterøy, vel 20
min kjøring fra Kvisti Bru (Trengereid) eller du kan ta ferge
Breistein/Valestrand. Ta mot Lonevåg når du kjem på
Osterøy, og der er det skilta vidare til Hosanger. Start ved
Hosanger Montesorriskule. |
||
|
|||