STEMINIGSBILDER FRÅ ÅSHEIMVETEN -VÅR 2007
 
Åsheimveten har blitt flittig brukt i år, og over 1000 navnetrekk var registrert i boka på toppen fyrste halvår.
nedanfor har me samla nokre bilder teke på topen 1 halvår. Fotograf Marie Hartveit, Øystein Hartveit  & Øystein Øvsthus.
Marie Hartveit på veg opp "slakka" løypa ein fin vårdag. Denne løypa var det dugnad på i 2006, og då
vart det lagt bruer over dei våtaste partia og rydda ein del, men fortsatt gjenstår det litt arbeide på denne
traseen.
Åsheimveten er eit populært turmål både sumar og vinter. Ein kjem raskt opp  høgda og vert beløna
med ein fantastisk utsikt. Her er Marie på toppen.
Tek ein bratt-løypa ned igjen har ein m.a flott utsikt til Tveiten.
Det nermar seg 17 - mai. Aksel Øvshus var flittig i mange år, med å klatra til topps i stanga på Åaheimveten
med det norske flagget på nasjonaldagen, men stanga vart for utrygg til slike akrobatiske øvelser og dei siste
åra har difor flagget mangla på toppen på nasjonaldagen. Dette ville ein gjeng spreke karar gjere noko med,
og helga før 17 mai, gjekk dei til aksjon for å få satt opp ny line til flagget i masta,
Jon-Eirik Sætre, Øystein Øvsthus, Magnus Tveiten og Ola Tveiten i ferd med å setja opp stigen.
Magnus Tveiten og Harald Nordås sikrar stigen..
Heilt til topps............Lina vart festa og Aksel Øvsthus heiste flagg på nasjonaldagen, eit flott skue.
Ein vimpel vart forsterka og heist til topp for "kvardagsbruk". Diverre synte det seg at stanga vert for
svak i lengden til å bera flagg, så neste prosjekt på toppen vert ei "ordentlig" flaggstang!
Frukost på veten ein sundag i sluten på mai. f.v. bak Harald Nordås, Monica Hartveit, Øystein Hartveit,
Tommy Sakariazen, Åge Tysse, Jon Eirik Sætre, f.v.foran Marie Hartveit, Frk. Langeland, Maren N. Øvsthus,
Randi Nordås. Fotograf Øystein Øvsthus.
Harald, Monica og Øystein
Maren, frk Langeland og Marie