Kossdalssvingane Opp - Fredag 26 oktober 2012

Kossdalsvegen
Kossdalsvegen er ein verna vegstrekning, som går frå Hosanger til Svenheim. Vegen vart bygd på pliktarbeide frå grunneigarene rundt århundreskiftet. 

Tilkomst til vegen frå Hosanger eller Svenheim. Ca 24 min køyring frå ferje Breisten - Valestrand eller frå Kvisti Bru. Køyr til Lonevåg, der tek du vegen beint fram mot Hosanger, eller ta av mot høyre til Fitje, der du tar av på ny til Svendheim.

Tilkomst frå Hosanger:

Frå sentrum Hosanger og inn til Kossdalssvingane er det ca 3 kilometertil start. Parkering ved Mjøs Metallvarefabrikk A/S (ta av frå sentrum i Hosanger og kjør mot Åsheim) Frå parkeringsplassen er det ca 3 km til Kossdasvingane og start for løpet Kossdalssvingane Opp. 
Er du litt mørkredd eller ynsker å gå saman med nokon, kan du møta opp på parkeringsplassen seinast kl. 18.00 på løpsdagen. Det er grusveg fram til start, men ingen veglys, så det er viktig å hugsa lykt. Faklar vil verta sett opp for å visa rett veg, og Kossdalen er trolsk og stemningsfull.

Tilkomst frå Svenheim:
På Svenheim er det pakreringsmuligheter like ved toppen av Kossdalssvingane. (Når du har tatt av frå Fitje fyljer du vegen heilt til topps). Parker på parkeringsplassen ved vegen til Kossdalsvingane eller køyr 100 meter til og parker ved Svenheim Møbelfabrikk. Frå parkeringsplassen er det ca 200 meter å gå til målområdet for Kossdalsvingane, og ca 700 meter å gå nedover svingane til du er ved start. Svingane vil vera opplyst med fakkler, men det vil allikevel vera naudsynt med lykt for alle deltakar.

Løpet:
Start turklasse: kl. 19:00 
Start konkurranseklasse under 16 år :     kl. 19:10 
(er det vaksne som vil løpe saman med borna vil dette sjølvsagt vera mogleg)
Start konkurranseklasse alle over 16 år: kl. 19:20  


Løpet startar ved innerste del av Kossdalsvegen og går til toppen av dei 17 kossdalssvingane som slynger seg opp eit bratt skar. Heile løypa er ca 700 m (230 meter frå start til første svingen). Høgdeforskjell frå start til mål ca 120 m. Grusveg.

Påmelding:
Påmelding ved start. Pris: born 20,-, Vaksne: 50,-

Bål:
Vi lager bål og serverer varm gløgg og saft i målområdet. Ta gjerne med ei pølse eller to og ta kveldsmaten ute i det fri.

Premiering:
Premiering i konkuranseklassen. 
Premier trekkes ut blandt deltakerene i turklassen, og alle born som tek turen vil få ein liten oppmerksomhet,

Kom og vær med på eit stemningsfult og spannande arrangement!

Ynskjer du meir informasjon, kontakt Mjøsdalen IL ved Øystein Øvsthus. Mob. 95 22 04 56 Tlf 56 19 30 03 (arb) Tlf. 55 95 14 64 (priv) eller mail: oystein@mjoesmetall.no.

SJÅ RESULTAT FRÅ TIDLEGARE ÅR;

Kossdalssvinage 2012 resultaliste     Deltakerliste turklasse 2012

Kossdalssvingane 2011 resultatliste           Deltakerliste turklasse 2011

Kossdalssvingane 2010           Bilder

Kossdalssvingane 2009

Kossdalssvingane 2008

Kossdalssvingane 2007

Kossdalssvingane 2006

Kossdalssvingane 2005

Kossdalssvingane 2004

Løyperekorder

Menn:     Øyvind Loftås Nilsen    3,26      2011

Kvinner: Bente Midtun               4,15       2006