Bilder frå premieutdelinga
Samling i målområdet før premieutdeling. De vart servert champagne (brus), jordbær og frukt til deltakarane som kom ned frå fjellet, mens borna fekk spidde pølser. Opplett og god stemning i målområdet.
Sindre og Stian, nøgde med dagens innsats.

Premiering ved t-shirt til alle forhåndspåmelde, samt premie til det tre raskeste damer og menn og alle klassevinnere. På bildte over ser vi dagens vinnere: f.v. Anette Fitje 12,52 raskeste dame i dag og vinner klasse KV, Arile Een 9,28 raskeste mann og vinner klasse MS. Sindre Fotland 12,47 vinner klasse junior. Ørjan Kleppe 12,44 vinner Gutter 16, Øystein Hanstveit 10,39 nr. to totalt og vinner klasse MV, Louise Hole 17,18 vinner klasse KS. Foran f.v Daniel Hanstveit 13,09 vinner klasse 12 år. Emma Hanstveit 13,51 vinner jenter 12 år og nr to av alle damer, Anna Hanstveit 14,10 og nummer 4 av alle damer. Roy Dyrkolbotn 10,50 nr. 3 av alle menn og Tove Mostrøm 13,59 og nummer 3 av alle damer var ikkje til stades på premieutdelinga.
Vinnere av dei yngste klassene, Sindre Fotland (junior), Ørjan Kleppe (G16) og Daniel Hanstveit (G 12).  Desse tre hadde i likhet med dei fleste andre i dei yngste klassane også ein far som deltok i konkurranseklassen.
Emma og Anna var dei yngste i konkurranseklassen i dag, men me skal nok få sjå meire til desse to spreke søstrene,
Stor takk til alle som var med å gjere dette til eit triveleg arrangement;
Til alle frivillige som stilte opp i sekretariatet, med tidtaking, som parkeringvakter og var med å rigge utstyr.
Takk også til dugnadsjengen Liv Elin, Rolf, Aksel, Åge, Øystein, Jan Roald m.f  som i striregn jobba på spreng med å lage bruer, gruse mm så løypa skulle bli så god som mogleg til løpsdagen.
Tusen takk til Berny og Tore som laget til ein nydeleg middag om kvelden, og til Inger Marie og Liv Elin som stilte opp med mange kjempegode kaker til kaffen.
Og sist men aller viktigst, takk til alle løpere og turgåere som gjorde denne dagen til eit minneverdig arrangement.