TRENIGSSAMLING I KOSSDALEN 01. FEBRUAR 2003  (Laurdagsjogg)

10 Løparar møtte på denne treningssamlinga. Vaksdølingane glimra med sitt fravær, men me reknar med dei kjem sterkare seinare.

Turen er den same som me nyttar på den vanlege laurdagsjoggen, og går frå Mjøsdalen Skule, opp Kossdalsvingane, via Grimstad til Langeland og tilbake. Turen er på ca 14. km, og går i roleg tempo (ca 1 tim 20 min). Største delen av løypa går på grus.


Rooolege start... F.v Bård, Arild B., Steinar, Arild H., Aksel, Øystein H.,  Øyvind, Martin og Randi.
 Øystein Ø. er som vanleg fotograf.

Eit bilete får halda meiner Øystein og
forsøker å passera fotografen.

Bård i tet innover Kossdalen.

Det sosiale er i høgsete og smilet på lur, som vanleg,
når det er laurdag og langkjøring

Litt surt og grått men mjukt å fint å springa..

Me har byrja på stigningane opp mot svingane,
og Arild og Aksel leier an..

Kossdalsvingane; Vegen vart bygd kring 
århundreskiftet, 17 svingar tek deg opp det trange gjelet. Vegen er gamal kyrkeveg og handelsveg. I dag
er den verna, og i mykje i bruk for turgåarar, mosjonistar og til riding / køyring med hest.

Gutta på veg opp svingane. Martin og Øyvind ligg i hardtrening og finn, i tillegg til mange fotballøkter,
også tid til både intervalltrening og laurdagsjogg.
Det skal verta vanskelege for ein kvar å halda tritt
med desse  karane framover.

Det er lov  å gå opp svingane...


Litt sludd i og litt sleipt, men det betyr lite når ein
fyrst er komen i gang.

Store deler av gjengen samla i svingane..

På toppen må me til med litt tøying, no er ca. 1/3
av vegen unnagjort.
Takk for frammøte til dei som deltok på samlinga!

Me minnar om at me tek denne turen kvar laurdag 
(16:00 fom. 8/2) i vinterhalvåret, og inviterer med oss mosjonistar i alle aldrer. Turen går i roleg tempo, så det er mogleg for dei fleste og hengja med. Det er heller ingen skam å snu når ein vil. Vel møtt neste laudag.

Neste treningssamling vert på Espeland 12. Februar,
(Fri Karusellen). Informasjon vil verta gjeven på mail og på nettsida!