Sesongen 2003
- reportasjer kronologisk. |
|
Helge
Bernes imponerte på Frikarusellen 3. desember |
Helge
Bernes imponerte med tida 17:20 og 3.plass på Frikarusellen
03.12.03. Først i mål var Kristan Jarnung 16.17, foran Harald
Simmenes 17:18. Sterkt tid også av Øyvind Bjørsvik 18:39. Steinar
Tysse fekk beste tid i haust med 23.28.
Ellers kan me nemna at Lisbeth Neu deltok på årets første
karusell 22.10 med tida 24,55, det gjorde også Arild Beckstrøm
19,21, Birger Hastveit 21,14 og Steinar Tysse 24,05.
På det 2 .løpet 12.nov. fekk Harald Olsnes registret sterke 17,29,
Lars Boge 19,51, Oddvar Sætersdal 21,06, Birger Hanstvedt 21,28 og
Steinar Tysse 23,39.
Alle resultata finn du her; IL Fri |
|
|
Åsheimveten
sundag 15 november |

|

|
Me
har hatt mange fine dagar i haust, og gode høver til å få gått
ein tur til fjells. Bilete t.v. er teke frå "brattløypa"
opp mot Åsheimveten med utsikt mot Tveiten. Bilete t.h. er teke på
toppen av Åsheimveten med utsikt mot Knarvik. Turen kan du starta
nede i bygda, f.eks v. Mjøsdalen Skule eller du kan køyra til Åsheim
og gå derfra. Har du god tid kan du også ta turen frå Åsheimveten
og over på Tveitafjeller før du går ned igjen. |
|
|
Seristemne
høgde og lengde Tysse 19. nov. arr MIL |
 |
Fin
oppslutning og stor entusiasme blant dei frammøtte borna på
seriestemnet som vart arrangert på Tysse sist onsdag.
Resultatliste
|
|
|
Treningssamlig
sundag 23 november , Svinningen, Os |
 |
Det
vart ein nydeleg fjelltur til Svinningen (Os) sundag 23 november.
Valter Midtseter var kjentmann og leia turen opp til toppen som låg
843 meter over havet. Sol og snø på toppen, og ei fantastisk
utsikt. Me brukte ca 2 timar opp og ein liten time på turen ned
igjen. Flott sundagstur og ei god treningsøkt. Sjå
bileta frå turen her. |
|
Treningstider
vinteren 2003 / 2004 |

På tirsdagstreningane spelar me basket, trenar styrke og avslutter
med volleyball. |
Vintersesongen
er godt i gang og me minner om våre treningstider:
Mandag:
kl 18 - 20 Friidrettstrening fom 5. klasse i Osterøyhallen
(ute 18-19 + inne 19-20). Mjøsdalen / Osterøy.) kl.
18 - 20 Intervaller/ Styrketrening for
Damer/ Herrer (Arr.OIL - treninga er open for alle også MIL løparar)
Tirsdag: kl 20-22 Innetrening Osterøyhallen alder:
f.o.m. 5 klasse - veteran
Torsdag: kl 19:00
Intervalltrening Kaien Fotlandsvåg f.o.m. 02.10.03
Lørdag: kl
16:00 Lørdagsjoggen, Mjøsdalen skule f.o.m.
11.10.03 |
|
|
Dugnad i Kossdalen laurdag 1 November kl 09:00. |

Bilete frå den første
dugnaden i Kossdalen der heile 30 mann møtte og mykje godt arbeide vart
utført. |
Stor
dugnad i Kossdalen i haust. Kossdalsvegen har blitt skrapt, grusa og
grøfta. Det har vore tre store dugnader på laurdagar i oktober og
november. På 1. dugnad møtte heile 30 mann, på 2. dugnaden ca 20 mann og
på den siste var ca 10 Mann i sving.
Arbeidet har blitt utført i regi av MjøsdalenIdrettsslag og Mjøsdalen
Grendaråd, for midlar løyvde av Statens Vegvesen. |
|
|
Aksel Øvsthus 50 år onsdag 29 oktober 2003 |

Aksel Øvsthus 50 år
onsdag 29.10.03 |
Aksel
vert 50 på onsdag, men gamal har han slett ikkje blitt. Aksel er pilaren
i iddrettslaget. Alltid på plass på dei faste treningane og alltid å
rekna med ved arrangement av stemner og dugnader. Som aktiv i gjennom
ein årrekke og med mykje flotter resultat å visa til, har Aksel også
mykje kunnsap å dela, og ein steglengde i oppoverbakkane som de er få -
om nokon forunt å fylja. Vener i Mjøsdalen IL ynskjer Aksel
hjarteleg til lukka på den store dagen! |
|
|
Birger Hanstvedt 60 år sundag 26.oktober 2003 |

Birger Hanstvedt
60 år 26.10.03. |
Vanskeleg å tru at denne spreke karen har runda 60. Birger var ein av
dei fyrste frå Mjøsdalen IL som tok turen opp Stoltzen, i år vann han
like godt klassen sin (60-64år) med tida 13.08. Birger har alltid vore
aktiv med fotball og løping. Sjølv sei han at han held seg i form med å
springa etter sauene, medan enkelte treningskameratar hevdar hen kjem i
form berre av å sjå på joggeskoa i gangen. Me ynskjer Birger hjarteleg
til lukka med 60 års jubeleet og sender dei beste helsingar frå vener i
Mjøsdalen IL. |
|
|
Stolzen 4 oktober 2003 |
 |
Flott innsats av MIL i årests Stoltzen Opp. Me kan nemna
Birger Hanstveit med seier i klassen 65-69, og Øystein Hanstveit med 4
plass i den sterke 40 års klassen. Også mange fine tider på resten av
gjengen og topp stemning på Peppe's etter løpet. Mange hadde store
visjoner for kva tid dei skulle klare neste år, og det vart sett opp eit
aldri så lite veddemål. Dette skal me koma tilbake til om ikkje så
lenge, slik alle som ynskjer det kan delta på veddemålet. Resultata frå
2003 finn du her. Og
Listen over påmeldte frå MIL
her |
|
|
Holavatnet Rundt vart avslutta onsdag 24 set. 2003 |

Ingrid Hellevang har
fått med seg over 15 løp i år og får her utdelt medalje av Liv Stenvoll
for flott innsats. |
Høljeregn og sur vind, men heile 101 deltakarar tok allikevel turen til
Hosanger og sesongens siste løp Holavatnet Rundt. Det vart delt ut
medaljer til dei som har gått 15 ganger og påskjønnelse til dei som har
fått med seg alle løpa. Resultat konkurranseklasse; Øystein Hanstveit
først også i dag med tida 11.25 fulgt av Øyvind Bjørsvik 11.31, Harald
Olsnes 11.33. Einaste dame i dag: Randi Nordås 15.08
Resultalister/deltakarlister/bileter |
|
|
Kretsmeisterskap Veteran Knarvik 20-21 september |
 |
Mjøsdalen IL var saman med AKS-77 og IL Fri arrangør for årets
kreistmeisterskap på Knarvik stadion, og me hadde i tillegg ein god
gjeng deltakarar. Resultata er førebels ikkje klare, men me vil koma
tilbake med desse. i mellomtida får de kosa dykk med
bileter frå stemnet.
Resultaliste
AKS77-reportasje
Osterøy's
resultat. |
|
|
Holavatnet Rundt Løp 19- onsdag 17.09.2003 |

Løparar i
konkurranseklassen;
Aksel, Baste, Inge Olav, Eirik, Trygve, Birger,Arne,
Bjørn Atle, Espen, Ådne, Arild og Øystein |
100
deltakere. Stopp i regnbygene mesteparten av tiden Holavatnet varte. 4
representanter frå Nordea gjekk
Holavatnet Rundt og delte ut snop
til store og små. Dei hadde med seg ein Nordea-sekk som vart lodda ut og
vunnet av Ludvik Hellvang. Eva Bru vann Nordea håndkle og Audhild Myking
vann BKK-t-skjorte. 12 løpere med tid. Øystein Hanstveit sprang i først
i mål 10,55, foran Bjørn Atle Jacobsen 11,09 og Arild Beckstrøm
11,41. Resultaliste |
|
|
Bergensleikane, leikvang 13-14.09.03 |

Ida Lampe
& Kristine Mjøs. Foto: lånt av
OIL |
Kristine
Mjøs nr. 5 på 200m med ny pers på 28.44(-0.2). Kristine Mjøs 4.78(+0.6)
og pers i lengde. Erlend Mjøs
12.23(-0.6) 60h68/6m. David L Tveiten
14.17(-0.6) 60h68/6m. Thomas L Tveiten 29.26 på 200h.
Ida Lampe OIL nr. 2 på 200m
med ny pers 27.85(-0.2).Ida Lampe gull på 100m med 13.47(ok). I lengde
vart ho nr. 3 på 4.90(+0.4). Fleire flotte res.
OIL Alle res.
Bergensleikane
Alle res MIL |
|
|
Mjøsdalsdilten 13 september 2003 |

Bjarte Vik 1.pl
15.57, Terje Simmenes 3.pl 19.08 |
95
deltakarets på årets Mjøsdalsdilt. Fyrst i mål Bjarte Vik Gjestal IL med
tida 15.57 berre 13 sek. bak løyperekorden. 2.plass til Bjørnar
Kallekleiv OIL 18.17 og 3.plass til Terje Simmenes OIL 19.08. Av damene
var Britt Helen Simmenes OIL først med tida 19.17 foran Liv Astrid
Losnegård BFG Fana 21.49 og Randi Nordås MIL 24.24
Resultatliste / deltakarliste / bilete / video.
(16/9 Fleire bileter er lagt ut, no skal også videklippa virka, men dei
tar tid å lasta) |
|
|
Holvatnet Rundt 2003 - statistikka |
Det har
hittil i år vert 2558 deltakarar på Holavatnet Rundt, fordelt på
18 løp og 467 ulike deltakarar. Dvs. eit snitt på 142 deltakarar pr.
løp. Premiering: 8 deltakingar i år har blitt premiert med
håndklede med Holavatnet Rundt logo. 15 deltakingar premieres med
medalje, denne vert utdelt på årets siste løp 24 september. |
|
|
Holavatnet Rundt Løp 18 - onsdag 10.09.2003 |

Øystein 3.pl. og Ove
2. pl. |
132
deltakarar på det 18.løpet i rekka. Sol og tørre fine løyper. Først i
mål Øystein Hanstveit med tida 11.36, fulgt av Ove Bernes 11.48 og
Øystein Øvsthus 11.59. Først av damene Randi Kleppe med 17.27. Vinnarar
av premier på startlodd var Marie Helle: T-skjorte, Ove Bernes:
T-skjorte og Randi Nordås: Collegegenser.
Resultaliste |
|
|
|
|
Holavatnet Rundt Løp 17 - onsdag 03.09.2003 |

Liv Stenvold og Ragnhild Hanstveit stilte på Holavatnet
i regnveret. Dei to blide damene har vore aktive støttespillarar
for arrangementet gjennom ei årrekke. Både som arrangørar og deltakarar. |
114 deltakere i dag, selv om det regnet en del innimellom. Veldig bra
oppslutning selv om det nærmer seg slutten av Holavatnet
Rundt-sesongen.3 onsdager igjen inkludert avslutning 24. september. 9
deltakere sprang på tid i dag. Ove
Bernes kom først i mål med 12,03. Nr. 2 var
Øystein Øvsthus, som saman med Trygve Bernes og Arne Myking fekk
årsbeste i dag, tross regnvåt løype. Vinnere av deltakerpremier var
Malin Kvarven; Holavatnet sekk, Katrine Skjerping vann BKK-t-skjorte,
det samme gjorde familien Thomassen.
Resultaliste |
|
|
Tidlegare resportasjer sesongen 2003
|