Mjøsdalsdagen 23 august 2003 | |
Vergudane var venege og sjenka oss ein flott sumardag, då tradisjonen med Mjøsdalsdagen vart teken opp igjen etter ein pause på ca. 10 år. Mykje båtar på vågen under fiskekonkurransen, og mjøsdalingane samla seg i sola på kaien utover ettermiddagen. Der var det salgsboder, hesteskokasting, riding for borna, ballkast m.m. Det store høgdepunktet var stafetten Mjøsvågen Rundt med tre etapper løping og to etapper symjing. Fargerike kostymer og formidabel innsats gjorde dette til ein stafett utan om det vanlege. Kjempa vart det og gjort i tautrekking og sist og ikkje minst i rævkrok, der dagens konfransier Jorunn Alme like godt slo karane og vart kåra til årets rævkrokmeistar. | |
![]() |
|
Start stafetten Mjøsvågen Rundt: f.v. Michael Wiggen, Marianne Espelid, Øystein Hartveit(i mokasiner), Aina Mjøs, Åse B. Rolland, Cecilie Hanstveit, Bjarte Gullaksen og Lisbeth Neu. | |
![]() |
![]() |
Siste etappe frå Sperrneset til Kaien. | Martin og Indianarane tar ledelsen |
![]() |
![]() |
Dei raskaste Indianarane var raskast i dag, f.v. Martin, Arild og Cecilie Hanstvedt, Randi H.Styve og Ole Mjelde. Det var relativt kalt i vatnet og symjarane (Randi og Martin) gjorde ein formidabel innsats for å sikre laget seieren. |
Stimulanspris Sentrumsatletane bur rundt vågen, og burde soleis vera godt skipa til dei vasslege utfordringane. Laget mottok årets stimulanspris og vil nok koma sterkare attende også tidsmessig neste år. F.v. Magne Espelid, Bjarte Gullaksen, Hilde Netland og Astrid Tveiten. Nina Rødseth var ikke til stades då bilete vart teke. |
![]() |
![]() |
Best in show. Vassrottene var dei desidert søtaste musene under årets stafett, og mottok "best in show" prisen for sin sjarm. f.v. Siri Kleppe, Helga Reigstad, Åse Bergheim Rolland, Ann Christin Reigstad og Anette Bru. |
Beste utkledning Tøffe gutar og jenter på laget Fengselskameratane. Dei mottok prisen "Beste utkledning" for sine flotte stipete drakter (med stingtruser utanpå) og for ein formidabel innsats i konkurransen |
![]() |
![]() |
Idyll på kaien. Aasmund Tveiten m.f. nyt sola. | Thor Lønning freister lukka i hesteskokast. |
![]() Barneridninga var populær, og det vart mange turar for Veslelilja og følet. |
![]() Jorunn Alme tro til og slo Ole Mjelde i finalen. Ho vart derved kåra til årets Rævkrokmeistar. |
Resultatliste Mjøsvågen rundt 2003 | |||||
Nr 1 | Indianarane | ||||
Martin Hanstvedt, Arild Hanstvedt, Cecilie Hanstvedt, | |||||
Randi Hole Styve, Ole Mjelde | |||||
Nr 2 | Dei Beste | ||||
Magnus Mjøs, Tommy Kleppe, Espen, Michael Wiggen, | |||||
Thomas Wiggen | |||||
Nr 3 | Øysteinane + noken | ||||
Øystein Hartveit, Øystein Lone, Øystein Øvsthus, | |||||
Eirik Øvsthus, Tom Andre Tysse | |||||
Nr 4 | Mjøsane + 1 til | ||||
Terje Mjøs, Erlend Mjøs, Aina Mjøs, | |||||
Krisine Mjøs, Sigbjørn Reigstad | |||||
Nr 5 | Vassrottene | ||||
Anette Bru, Helga Reigstad, Ann Kristin Reigstad, | |||||
Siri Kleppe, Åse Bergheim Rolland | |||||
Nr 6 | Fantome | ||||
Randi Nordås, Lisbeth Neu, Ingve Hoshovde, | |||||
Arild Beckstrøm, Aksel Øvsthus | |||||
Nr 7 | Fengselskameratane | ||||
Sigrid Tveiten, Stephanie Tveiten, John Carlos Mjøs | |||||
Marianne Espelid, David Lewis | |||||
Nr 8 | Sentrumsatletane | ||||
Astrid Tveiten, Hilde Gullaksen, Bjarte Gullaksen, | |||||
Nina Rødseth, Magne Espelid | |||||
Beste tid. | Indianarane | ||||
Best "In Show" | Vassrottene | ||||
Beste utkledning | Fengselskameratane | ||||
Stimulansepremie | Sentrumsatletane | ||||