|
Tradisjonen
tru hadde Vaksdalen IL, samla heile 19 skientusiaster som også i år
ville freista lukka i Birekbeineren. Resultata var imponerande. Me kan
nemna Brikt Strømme 3:20:51 og merke. Merke også til Terje Danielsen
Kvamme (gull i år), Inge Olav Herfindal, Jan Ove Ladøy og Arnfinn
Landøy. Men også mange andre flotte resultat: Resultatliste.
Mange av Vaksdals-karane er også habile løparar og deltek for Mjøsdalen IL i m.a. Holmenkollstafetten, og MIL har nokre utøvarar som går på ski for Vaksdal, eit samarbeid som er kjempeflott. Me reiste frå Vaksdal fredags morgon med buss til Lillehammer. Der vart det "prepping" av ski og handling av utstyr i Håkonshallen. Avreise til Rena kl 06:00 laudags morgon. Normalt skulle me då vore på Rena 07:30, men omlegging av startområde og store køar, gjorde at fleire kom for seint til start. Kaldt om morgonen, men sol og varme utover formiddagen gjore løypene våte og dårlige (mangelfulle) utover dagen. Mange sleit med dårlig feste, og fekk eit tungt løp. Men som nemnd vart det allikevel mykje flotte resulat, og alle kom i mål. Laurdag kveld var det duka for bankett, med nydeleg middag. Stor takk til kokken: Terje Danielsen Kvamme. Også stor takk til Oddvar Olsnes, Inge Olav Herfindal m.fl. som står bak turopplegget. Nedanfor er ein liten stemingsrapport i bilder. Me gler oss alt til neste år, (men er glade for at det er eit heilt år til). |
||
![]() Øystein Øvsthus og Rolf Hanstveit diskuterer føre og legg på det mest kvelden før rennet. No skal berre den siste finpussen til på Rena før løpsstart. |
![]() Terje Danielsen Kvamme og Trygve Låstad, morgenfriske og klare til løp. Terje fekk gullmerket i dag, endå han ikke rakk fram til Rena før 5 min. etter at starte var gått. Her er det jernvilje ute å går. |
|
![]() To debutanter i Birken. Danske Claus Søberg og Randi Nordås spente foran sitt første løp. I bakgrunn kan vi skimte bilkøen inn mot Rena. |
![]() Køane inn mot rena medførte at mange av dei som skulle starte i dei første (eldste) klassane kom for seint til start. Nokre smurte på bussen og løp den siste biten til start. F.o.m klasse 40-44 vart starten utsett med ein halv time då mange fortsatt sto i kø. |
|
![]() Birkebeinerstadion ved start. Mykje folk, solskinn og påskeføre. Mange hadde nok belaga seg på litt kaldare føre, så det var hektisk aktivitet med smøring før start. |
![]() Inge Olav Herfindal legg siste handa på verket. I bakgrunn ser me Anders Boge. |
|
![]() Oddvar Olsnes (tv.) fekk knapp tid til å gjera skiene klare før start. |
![]() Dag Tore Roe, smilande og klar for innsats. |
|
![]() Denne karen veit kva han held på med. Brigt Strømmen gjekk vart best av Vaksdalsgjengen med tida: 3:20:51. |
![]() Rolf Hanstveit og Øystein Øvsthus. Klare til start. Rolf gjekk sitt fjerde Birkebeinerløp medan Øystein gjekk sitt tredje løp. |
|
![]() Randi Nordås klar til start. Fekk overlevert ferdig smurte ski, og hadde godt fest heile vegen på ein dag då dei fleste sleit med skiene. Stor takk til "Smørjarane" for god jobb. |
![]() Til tross for flotte prestasjoner under løpet hadde desse tre karane overskudd til å stella til bankett til heile gjengen etter at løpet var vel overstått. Terje (i midten) sto for middagen; laks, agurksalat poteter og rømme, med gele til dessert. Maten smakte utrueleg godt, og stemninga var fin. |
|
![]() Bordet er dekka, og me ventar spent på maten. Den sosiale biten ved turen er for mange vel så viktig som prestasjonane i løypa. Så banketten og stemninga ellers på turen er nok årsaka til at så mange slit seg gjennom løypa år etter år! |
![]() Inge Olav står for prisutelinga. Vaksdalingane deler ut staup etter 5. gjennomførte løp. Dette er ein pris som ettersigande skal hengja frykteleg høgt, og det fyljer nesten større æra med å få denne prisen enn merket i rennet. I år var det Rune Stavenes som gjekk sitt 5. løp og fekk overrekt staup. |
|