Til alle elevar og lærarar i 5.,6.,7.,8.,9.og 10.klasse

Ta utfordringa:

Kven har det sprekaste klasselaget på Osterøy?

Osterøy IL friidrettsgruppa inviterer til skuleidrettsdag der det først og fremst gjeld å vera allsidig. Konkurransen foregår i Osterøyhallen og det vert konkurranse i hurtighet, spenst, styrke, koordinasjon og kondisjon.

Me inviterar til lagkamp, der minimum 2 jenter og 2 gutar (og max 6 deltakarar)i same klasse, eller blanda klassar dannar eit lag. Nokon av øvingane vil de kjenna att – som sprintløp, lengde u/t, kule og spyd(med flotte innandørs spyd i skumplast). Andre øvingar er utradisjonelle, men lette å læra.

Kvart lag deltek med 1 jente og ein gut pr. øving. I stafetten skal det vera 2 jenter og 2 gutar på kvart lag, altså 4 deltakarar. Kvar deltakar kan max vera med i 3 øvingar og min 1 øving.

NB: Alle kan delta, utan å  ha trent på dette på førehand. Alle øvingane vil verta demonstrert før start, og det vil vera funksjonærar på kvar øving.

  Kvar:             Osterøyhallen

Når:                Laurdag 15. Mars 2003, kl. 13.00

                        Hallen opnar 12.00 til oppvarming og testing av øvingane.

Påmelding:  Seinast kl. 12.30 samme dag i Osterøyhallen. Eller Helga Reigstad,

5281 Valestrandsfossen, mail:helgareigstad@hotmail.com eller Åse Bergheim Rolland, mail: abrolland@hotmail.com 

Premiering:  Ingen påmeldingsavgift! Deltakarpremie til alle. Eigen premiering til beste klasselag i                         klassane 5.-7.klasse og 8.-10.klasse.

 

Vel møtt!

Helsing Osterøy IL friidrettsgruppa

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hinder-stafett

2 gutar:

 

2 jenter:

 

Løp 1 runde

Gut:

Jente:

Spyd

Gut:

Jente:

Kule

Gut:

Jente:

Lengde uten tilløp

Gut:

Jente:

Frekvens

Gut:

Jente:

Vertikal-hopp

Gut:

Jente:

Balanse

Gut:

Jente:

 

 

Skule:____________________________

Klasse:____________________________

Namn på deltakarar (samla liste):

 

 

 

 

 

Lagoppsettet må leverast til sekretæriatet før start.

 

Poengrekning: Det beste resultatet til begge elevane vert lagt saman i kvar øving, og laget med best sum får plassiffer 1 i den aktuelle øvinga. Dette vert ført inn i eit samleskjema i sekretæriatet, som til slutt legg saman resultata i alle øvingane. I denne lagkampen gjeld det altså å få færrast mogeleg poeng!