VILTFEST I MJØSDALEN 09 NOVEMBER 2002

Ca 50 personar deltok på årets viltfest i ungdomshuset i Mjøsdalen. Primus motor var som vanleg Øystein Hartveit, som saman med jaktlaget står for både råvarer og gjennomføring av festen. I år var det Jon-Atle Hartveit som var kokk og tilberedte maten. Og han skal ha all æra, for nydelege steiker, saftige biffer og smakfulle gryter, av hjort, elg og rein. Med god mat og fin dansemusikk vart det ein triveleg fest i Ungdomshuset. Takk til alle som var med på å få i stand denne flotte festen!

Foto:Øystein Øvsthus

Øystein Hartveit, jeger og initativtaker til festen,
vart hedra av Lars-Magne før maten.

Komiteen er i ferd med å bera maten inn på
bordet. Her er både hjort, elg og rein.

Hoshovde-gjengen kosar seg med maten.
 

Salen var pynta for vitfest. Svartbjørn er skutt
i Canada av Øystein Hartveit.

God mat, og mulighet til å forsyne seg med det ein
ville, gjorde at folk vart sitjande lenge og kose seg
med maten.
 
 

Og så vart det dans ut i dei små timar...