STOLTZEKLEIVA OPP, LAURDAG 19.10.2002 - BILETER
RESULTATLISTE

Slik var tilhøva då me kom løpsdagen. 
F.v. Ole, Espen og Randi.

Småhutrande før start, men klar til innsats.
 Erlend, Aina og Kristine, Ole og Øystein

Aksel klar til start, som de ser har ikkje snøen lagt 
seg her, men ein skulle ikkje langt opp i lia før det 
vart temmelig sleipt.

To generasjoner Hanstveit klar til start. Martin (15 år)
 hadde ein kjempedebut med tida 13.05

Thomas & David Lewis festar startnummer. Begge
gutane kom opp på kjempeflotte tider. Thommas
med 13.36 og David 15.06

Aksel er erfaren og passar på veskeinntaket før start.
Som vanleg er han sterk i denne typen løp og kom opp
med tida 12.46

Birger Hanstveit var vel den MIL utøvaren som først
tok  i ferd med Stoltzen (og som kanskje har skylda
for at me andre slit oss opp kvart år).

Som me ser har Birger støtteapparatet i orden.
Torill har fått snø på paraplyen, det var verkeleg
surt og kaldt. Utpå ettermiddagen fekk ein heller ikkje
sendt klesbyte opp til toppen, då bilane kløyrte seg fast.
Så det vart kaldt nok ned igjen for dei som gjekk i shorts.

Olai Nepstad gjekk, i følge han sjølv, på den største
smellen i løpet). Her ser me han før start saman med
Øyvind Litland og Ørjan Bysheim

Ørjan debuterte i år, med stor suksess.
(T.v. Ole Mjøs og t.h. Øystein Hanstveit.)

Vaksdalsgjengen våte allerede før start;
Anders Boge, Harald Olsnes og Oddvar Sætersdal, 
gjorde det alle bra i konkurransen. (Det må vera all 
denne springinga etter småryper i vaksdalsfjella som 
har gjort utslaget)

   


Terje Mjøs klar til start. Han hadde også i år over
20 deltakarar frå Smedvig Løpeklubb med seg opp
Kleiva. Dei nyttar høve til å arrangera klubbmeisterskap,
så ein skal vera tøff for å verta klubbmeiser i Smedvig.
Sjå bileter og resultat på www.smedvig-olk.no